SØRAL-ansatte på prosjektbesøk i Burundi
Sør-Norge Aluminium (SØRAL) er en bedrift på Husnes i Kvinnherad kommune som i mange år har støttet CAREs arbeid. Både ansatte og bedrift støtter med månedlige beløp og får tilbakemelding fra prosjektet de støtter. I november dro Tor Jørgen og Herman fra SØRAL for å besøke prosjektet i Burundi. Her et utdrag fra deres egen reiseskildring:
Ankomst i Bujumbura vart slik me vart fortalt det: kø for å få visum, venting på bagasje og mange passkontrollar. Når me endeleg kom ut, vart me møtt av to hyggelege CARE ansatte, Hubert - vår sjåfør og Liverpool entusiast - og Godelive. Undervegs fekk me det første inntrykket av korleis ein lever i Burundi. Det var folksomt langs heile vegen fra flyplassen, gåande og syklande, med både to og tre på samme sykkel.
Tirsdagen starta i godvær. Me fekk presentert Gezaho prosjektet på ein helsestasjon i Gatumba. Her vart me informert om korleis dei tok imot og behandla barn og kvinner som var ofre for seksualisert vold - mykje sterk informasjon her. Det som gjekk att var at det ikkje er noko system for oppfølging i etterkant. Ein vert i stor grad overlatt til seg sjølv.
Me vart køyrt til Ngozi for å verta presentert for kva Umwizero prosjektet medfører i denne regionen. Me vitja to helsestasjonar som vert støtta av CARE, samt deltok i møte med spare- og lånegrupper i Gashinkanwa og Nyakibingo.
Helsestasjonane i Ngozi og Kirundo hadde til sammen ca 200 konsultasjonar kvar dag, med fokus på familieplanlegging, prevensjonsveiledning, graviditetskontrollar og HIV testing. Lokalitetane her, som i Bujumbura, var svært enkle men virksomme. Dei som hadde sitt arbeid her sa at tilgang til medisinsk utstyr var tilfredstillande, men dei ønska seg meir vaksinar. Fordeling av vaksinar er statleg styrt, og i så måte lite påvirkelig lokalt. Vidare hadde ein åpen helsestasjon ein kveld i veka, med ymse spel og prevensjonsveiledning for undom.
Solidaritetsgruppene me møtte kom med historiar på korleis deltakinga hadde gitt dei ein bedre kvardag. Eksempel på dette er kjøp av egne kle til familien, geiter, bygningsmaterialer til hus samt skulepengar for barn. Vidare var det sosiale aspektet med tilhørighet i gruppa, og ha støttespelarar/samtalepartnarar lett tilgjenglig noko som vart framheva. Dei nytta nettverket ved vanskelege samtalar i heimen, mellom kone og mann, og dette hadde også den positive effekt at fleire menn nå deltok i tilsvarande grupper.
Oppsummert er vår oppfatning at kvinnene som tar del i Umwizero prosjektet, hadde fått ein bedre livskvalitet. Dette vart understreka av fleire av kvinnene me møtte, samt gjennom den gleda dei viser gjennom sang og dans. CARE gjer ein stor innsats for mange kvinner og familiar i dette området, og Umwizero prosjektet vert utført på ein måte som når mange personar.
Me er takksame for å ha fått muligheten til å sjå korleis CARE, med samarbeidspartnere, organiserer og gjennomfører Umwizero prosjektet i Burundi. Me er overtydde om at dette vert gjort på ein måte som gir mange personar ein bedre livskvalitet, og at dette er noko som vil vare.
Med helsing
Tor Jørgen Sætrevik og Herman Hovland
Bli samarbeidspartner:
For informasjon om muligheten for samarbeid, ta kontakt med bedrift@care.no.